Håmyra Sør

3

1. etasje, midtseksjon, hus 1

Dette er ei moderne leilegheit med høg standard. Bustaden har ei god planløysing, er på 70 m2 og har 2 soverom. Bustaden har eigen parkeringsplass og sportsbod i parkeringsplan under bustadane. Herfrå går det heis og trapp til overbygd svalgang. Leilegheita er gjennomgåande og har livsløpsstandard.
 
Leilegheita har open stove- og kjøkkenløysing med god takhøgde. Dette gir bustaden eit lyst og moderne preg. Frå stova er det skyvedør ut til ein romsleg og overbygd balkong med glasrekkverk. Bustaden inneheld stove/kjøkken, to soverom, entré/gang, bad, bod/vaskerom, balkong, sportsbod og overbygd parkeringsplass. På området er det tilgang til gjesteparkering og flotte leikeplassar, med m.a. leikeapparat og benk.

Nøkkelferdig bustad

Denne seksjonen vert levert med nøkkelferdig standard. Det vil seie at alt av arbeid med legging av parkett, maling og flisarbeid vert utført og er inkludert i prisen for bustaden. Du får då ein innflyttingsklar bustad med ekstra høg standard der du flyttar rett inn i den ferdige bustaden. I tillegg er monterte solskjermingsprodukter også inkludert i prisen på denne.
 
Bustaden vert levert med flott kjøkken- og baderomsinnreiing med speilskap og belysning, frå kvalitetsleverandøren Sigdal. Vidare vert det på bad levert vegghengt toalett og varmekablar med termostat. Det er også inkludert ein eksklusiv belysningspakke, skyvedørsgarderobar med speil på alle soverom, samt innvendig kvalitetstrapp frå Stryntrappa der bustaden har fleire etasjar.
 
I vår nøkkelferdige standard kan i tillegg nemnast særskilt:

  • Oppgradert kjøkkenløysing frå Sigdal, med integrerte kvitevarer frå Electrolux (kjøl/frys, induksjonstopp, steikomn og oppvaskmaskin).
  • Bad levert ferdig flislagt med 20×50 cm flis på veggar og 30×30 cm flis på golv. Dusjhjørne/-dør levert med profilar i krom og klart glas, mosaikkflis på golv.
  • Sparkling for listefri utføring av tak og rundt vindauge for heile bustaden.
  • Malte veggar og tak i valfrie fargar, der soverom og stove i tillegg kan leverast med kontrastvegg.
  • Parkett lagt av høg kvalitet på alle soverom, kjøkken og stove.
  • Bustaden vert levert med utført byggvask før overtaking.
  • Ingen byggelånsrenter, då betaling først vert utført ved overtaking og innflytting.

Om ønskeleg er det mogleg å påverke dei ulike vala og utføre personlege tilpassingar utover denne standard. For ferdigstilte bustadar vil dei ulike vala vere gjort og kan såleis ikkje endrast utan tillegg. For gjennomgang av prosjektet eller ønske om visning vennligst ta kontakt.

1

/ 1

  • Pris 2.982.820
  • BRA 75 m2
  • BRA-i 70 m2
  • Eksternt bruksareal (f. eks. utvendige boder) 5 m2
  • Terrasse og balkongareal / åpent areal. 9 m2
  • Soverom 2

Eg er klar for å svare på dine spørsmål

Legg inn din kontaktinformasjon, og eg tek kontakt så snart som mogleg.

Frode Tømmerbakk

Salsansvarleg

416 91 281