1

/ 2

Kort om eigedomen og området

Håmyra bustadfelt er eit nytt sentralt bustadområde i Volda, med fantastisk panoramautsikt over fjord og fjell. Bustadfeltet har ein kombinasjon av bygningar med 2 til 10 bueiningar i kvar, og for fleire av bustadane er det lagt til rette for livsløpsstandard og husbankfinansiering.

Det vert opparbeidd tre interne leikeplassar i feltet med fleire leikeapparat, ballbane og beplantning. Samtidig er Håmyra utgangsåra til Voldas finaste turterreng. Det er lagt vekt på at dette skal vere eit attraktivt bustadområde for alle.

Det er i dag etablert ein ny sambindingsveg frå aust gjennom bustadfeltet med eigen busslomme. Når samlevegen vert opna mot vest, vil ein kunne nytte busstilbod til sentrale mål.

Bustadfeltet vert bygt ut i tre trinn, der første byggetrinn er ferdigstilt, andre trinn er under oppføring og 3. byggetrinn vert starta når den nye samlevegen vert opna.