Håmyra Sør

27

Toppetasje, midtseksjon aust, hus 3

Dette er ei flott leilegheit på 78 m2 med høg standard. Bustaden har 2 soverom og livsløpsstandard. Leilegheita har opa stove- og kjøkkenløysing med god takhøgd og store vindaugsflater, som gir eit lyst og moderne preg. Frå stova er det skyvedør ut til ein stor overbygd balkong med glasrekkverk. Bustaden har eigen parkeringsplass og sportsbod i parkeringsplan under bustadane. Herfrå går det heis og trapp til overbygd svalgang.
 
Bustaden inneheld stove/kjøkken, to soverom, bad, entré, bod, balkong, sportsbod og overbygd parkeringsplass. I området er det tilgang til gjesteparkering og flotte leikeplassar, med m.a. leikeapparat og benk.

Nøkkelferdig bustad

Denne seksjonen vert levert med nøkkelferdig standard. Det vil seie at alt av arbeid med legging av parkett, maling, tapet og flisarbeid vert utført og er inkludert i prisen for bustaden. Du får då ein innflyttingsklar bustad med ekstra høg standard der du flyttar rett inn i den ferdige bustaden.
 
Bustaden vert levert med flott kjøkken- og baderomsinnreiing med speilskap og belysning, frå kvalitetsleverandøren Sigdal. Vidare vert det på bad levert vegghengt toalett og varmekablar med termostat. Det er også inkludert ein eksklusiv belysningspakke, skyvedørsgarderobar med speil på alle soverom, samt innvendig kvalitetstrapp frå Stryntrappa der bustaden har fleire etasjar.
 
I vår nøkkelferdige standard kan i tillegg nemnast særskilt:

  • Eksklusiv kjøkkenløysing frå Sigdal, der frontar kan leverast i 15 valfrie fargevariantar. Kjøkkenet leverast med integrerte kvitevarer (kjøl/frys, induksjonstopp, steikeomn og oppvaskmaskin).
  • Bad leverast ferdig flislagt med 60×60 cm flis frå Modena på veggar og golv. Det kan fritt veljast mellom 5 fargevariantar som inngår i flisserien. Dusjhjørne/-dør med profilar i krom og klart glas, mosaikkflis på golv.
  • Sparkling for listefri utføring av tak og rundt vindauge for heile bustaden.
  • Malte veggar og tak i valfrie fargar, der soverom og stove i tillegg kan leverast med kontrastvegg.
  • 1-stavs eikeparkett av høg kvalitet levert på stove, kjøkken og soverom.
  • Bustaden vert levert med utført byggvask før overtaking.
  • Ingen byggelånsrenter, då betaling først vert utført ved overtaking og innflytting.

Om ønskeleg er det mogleg å påverke dei ulike vala og utføre personlege tilpassingar utover denne standard. For ferdigstilte bustadar vil dei ulike vala vere gjort og kan såleis ikkje endrast utan tillegg. For gjennomgang av prosjektet eller ønske om visning vennligst ta kontakt.

1

/ 1

  • Pris 4.250.000
  • BRA 78 m2
  • P-rom 78 m2
  • Soverom 2

Eg er klar for å svare på dine spørsmål

Legg inn din kontaktinformasjon, og eg tek kontakt så snart som mogleg.

Frode Tømmerbakk

Salsansvarleg

416 91 281