Våre bustadar vert levert med nøkkelferdig standard. Det vil seie at alt av arbeid med legging av parkett, maling og flisarbeid vert utført og er inkludert i prisen for bustaden. Du får då ein innflyttingsklar bustad med ekstra høg standard der du flyttar rett inn i den ferdige bustaden. Vel du ein av våre eksklusive visningsbustadar, kan du i tillegg overta vår møbelpakke etter avtale med seljar.
Bustadane vert leverte med flott kjøkken- og baderomsinnreiing med speilskap og belysning, frå kvalitetsleverandøren Sigdal. Vidare vert det på bad levert vegghengt toalett og varmekablar med termostat. Det er også inkludert belysningspakke, skyvedørsgarderober med speil på alle soverom, samt innvendig kvalitetstrapp frå Stryntrappa for bustadar over fleire etasjar.
I vår nøkkelferdige standard kan i tillegg nemnast særskilt:
Om ønskeleg er det mogleg å påverke dei ulike vala og utføre personlege tilpassingar utover denne standard. For ferdigstilte bustadar vil dei ulike vala vere gjort og kan såleis ikkje endrast utan tillegg.
Det er mange fordelar med kjøp av ny bustad fra Norgeshus Din Bolig AS, i motsetning til kjøp av brukt bustad, og vi nemner spesielt:
Norgeshus Din Bolig AS er eit av regionen sine leiande selskap innan feltutbygging og sal av bustadar. Din Bolig AS representerer Norgeshus, og har selt bustadar til fornøgde kundar i over 25 år. Vi har i dag 2 kontor; i Ørsta (hovudkontor) og på Eidsnes i Sula kommune. Dersom du ønskjer meir informasjon om våre løysingar eller prosjekt, ta kontakt med vår salsansvarleg.